– Kåfjord fortener ein pause

PRESIDENTKANDIDATER: Sondre Kåfjord og Yngve Hallén skal kjempe om det gjeve vervet.
PRESIDENTKANDIDATER: Sondre Kåfjord og Yngve Hallén skal kjempe om det gjeve vervet. Foto: Holm, Morten

Eit klapp på skuldra her, ein klem der, eit handtrykk. Yngve Hallén kjenner ein veldig positivitet rundt sin eigen person på fotballtinget på Lillestrøm denne helga.

Publisert: 06.03.2010 kl. 13:40 , endret: 09.03.2010 kl. 08:04

Av: Knut Langeland

LILLESTRØM: Han har kjent seg trygg like sidan valkomiteens innstilling vart kjend. No når tinget er i gang, kjenner han likevel at ein slags nervøsitet kjem sigande.

– Eg er oppspilt, tent. Det blir ei nerve rundt det når tinget møtest, seier den tidlegare daglege leiaren i Sogndal.

Han er innstilt av valkomiteen til å bli ny fotballpresident etter Sondre Kåfjord. Men Kåfjord vil ikkje gi seg utan sverdslag og har valt å stilla som motkandidat på tinget. Det teiknar til å bli eit tett og kanskje ikkje berre venlegsinna oppgjer om det øvste leiarvervet i norsk fotball.

Temperatur

I går var det i det minste tilløp til temperatur då dei to møttest til direktesend TV-duell i samband med opninga av tinget. Av ein av Kåfjords våpendragarar, samfunnsdebattanten Erling Fossen, blei Hallén i eit innlegg i VG karakterisert som ein med så dårleg utstråling at blomane visnar rundt han.

41-åringen frå Alversund ler av omtalen. Sjølv uttalar han seg både rundare og rausare om konkurrenten.

– Sondre Kåfjord er ein mann med eit stort fotballhjarte. Han har site 14 år i forbundsstyret. No fortener han ein pause.

Valet er i morgon. I mellomtida er Yngve Hallén delegat nummer 224 på fotballtinget.

– Med ei stemme, som alle dei andre.

Får han sjansen til å bli norsk fotballs øvste valde leiar kjem han til å bruka stemma si aktivt. Han er oppteken av å forankra alle vedtak i fotballdjupet, å syta for at alle blir tekne med på råd, heller enn å tre vedtak ned over hovuda på folk.

«Mitt team» det beste

– Eg har sett mange meiningslause ting bli gjennomført. Det er lettare å få ting gjort når ein ser korleis verda verkeleg ser ut, seier Hallén.

Han omtalar forslaget til nytt forbundsstyre som «mitt team», og han er overtydd om at hans team vil vera det beste til å leia norsk fotball inn i framtida.

– Eg er blitt kjend med folka undervegs, og eg har funne svært brei og variert kompetanse i gruppa.

Av somme blir han skulda for å vera toppfotballens mann. Det blæs han av.

– Når du har bakgrunn frå ei bygd som Sogndal, må du nødvendigvis ha ei sterk forankring i breiddefotballen. Skal ein vinna gehør for den storstilte anleggsutbygginga vi har hatt i Sogndal, må breiddenivået vera med på det. Var det for toppen, trong vi berre to baner i Sogndal. Vi har bygd åtte. Fem prosent av kapasiteten på idrettssenteret blir brukt av toppfotballen, 95 prosent av breiddenivået, understrekar Yngve Hallén.

Halvering av 3. divisjon

Inn mot tinget har det vore travle dagar med mykje mediemerksemd. Han går til valet med litt same slagord som Barack Obama gjorde, eit val for endring.

– Eg kjenner meg trygg på at mitt team kjem til å vinna, men heilt trygg kan ein aldri vera. Såpass respekt skal ein ha for tingdelegatane, seier Yngve Hallén.

Meir enn 20 pressefolk er akkreditert til fotballtinget. Dei fleste av dei er aller mest opptekne av valet og duellen mellom Kåfjord og Hallén. Men meir enn 70 små og store forslag skal tinget også ha ei meining om. Det som det knyter seg mest spaning til, er forslaget til nytt seriesystem for 3. divisjon. Blir det vedteke, vil det medføra ei halvering av talet på lag i divisjonen.

Skriv et nytt innlegg

Skriv ditt innlegg her - maks 2000 tegn. Innlegget må undertegnes med fullt navn. Innlegg med usaklig innhold eller upassende språkbruk blir ikke publisert.

Detr er helt klart at norsk seriesystem er for stor i henhold til folketall og spredning.Tippeligaen er for stor og burde hatt 12 lag, hvor tre går ned og tre nye rykker opp.Ikke noe kavlik mellom nestsiste og tredje i 1.divisjon.Bør ha mindre del i 1. og i 2.divisjon, mens den 3.divisjon etter min mening bør være fordelt på flere avdelinger med mindre antall lagg slik at en minsker kostnadene på lange reiser under seriespill. Utøver dette bør det vaære arrangert etter påmeldinger.Det er også viktig at en avklare forhold mellom FØRSTE og ANDRE lags deltakelse i hvert av divisjoner.For eksempel bør ikke Rosemborg 2 ha mullighet for å brukke A lag i 2.divisjonen og likens med andre divisjoner osv.

Siste 20

Tabeller

# Lag K S U T P
1 Aalesund 0 0 0 0 0
2 Brann 0 0 0 0 0
3 Fredrikstad 0 0 0 0 0
4 Haugesund 0 0 0 0 0
5 Hønefoss 0 0 0 0 0
6 Lillestrøm 0 0 0 0 0
7 Molde 0 0 0 0 0
8 Odd Grenland 0 0 0 0 0
9 Rosenborg 0 0 0 0 0
10 Sandnes Ulf 0 0 0 0 0
11 Sogndal 0 0 0 0 0
12 Stabæk 0 0 0 0 0
13 Strømsgodset 0 0 0 0 0
14 Tromsø 0 0 0 0 0
15 Viking 0 0 0 0 0
16 Vålerenga 0 0 0 0 0
# Lag K S U T P
1 Manchester C 24 18 3 3 57
2 Manchester U 24 17 4 3 55
3 Tottenham 24 15 5 4 50
4 Chelsea 24 12 7 5 43
5 Newcastle 24 12 6 6 42
6 Arsenal 24 12 4 8 40
7 Liverpool 24 10 9 5 39
8 Sunderland 24 9 6 9 33
9 Norwich 24 8 8 8 32
10 Swansea City 24 7 9 8 30
11 Everton 24 8 6 10 30
12 Stoke City 24 8 6 10 30
13 Aston Villa 24 6 10 8 28
14 Fulham 24 6 9 9 27
15 West Bromwich 24 7 5 12 26
16 Queens Park Rangers 24 5 6 13 21
17 Wolverhampton 24 5 6 13 21
18 Bolton 24 6 2 16 20
19 Blackburn 24 4 6 14 18
20 Wigan 24 3 7 14 16
# Lag K S U T P
1 Alta IF 0 0 0 0 0
2 Bodø/Glimt 0 0 0 0 0
3 Bryne 0 0 0 0 0
4 Bærum 0 0 0 0 0
5 HamKam 0 0 0 0 0
6 Hødd 0 0 0 0 0
7 Kongsvinger 0 0 0 0 0
8 Mjøndalen IF 0 0 0 0 0
9 Notodden FK 0 0 0 0 0
10 Ranheim IL 0 0 0 0 0
11 Sandefjord 0 0 0 0 0
12 Sarpsborg 08 0 0 0 0 0
13 Start 0 0 0 0 0
14 Strømmen IF 0 0 0 0 0
15 Tromsdalen UIL 0 0 0 0 0
16 Ullensaker/Kisa IL 0 0 0 0 0
# Lag K S U T P
1 Real Madrid 21 18 1 2 55
2 Barcelona 21 14 6 1 48
3 Valencia 21 10 7 4 37
4 Levante 21 9 5 7 32
5 Espanyol 21 9 5 7 32
6 Athletic Bilbao 21 7 9 5 30
7 Atlético Madrid 21 8 6 7 30
8 Málaga 21 8 4 9 28
9 Osasuna 21 6 10 5 28
10 Getafe 21 7 6 8 27
11 Sevilla 21 6 8 7 26
12 Rayo Vallecano 21 7 4 10 25
13 Mallorca 21 6 7 8 25
14 Granada CF 21 7 4 10 25
15 Real Sociedad 21 6 6 9 24
16 Real Betis 21 7 2 12 23
17 Villarreal 21 5 8 8 23
18 Racing Santander 21 4 10 7 22
19 Sporting Gijón 21 5 4 12 19
20 Real Zaragoza 21 2 6 13 12

Hvem blir toppscorer i Premier League i år?

100% Fotball on Facebook

Til Ranheim på lån

Gjermund Åsen leies ut til Ranheim frem til 1. august.

Les mer

Intensiverer spissjakten

Jan Jönsson har få alternativ på topp med Rade Prica ute. Nå settes det fortgang i spissjakten.

Les mer

Les mer på RBK.no